For å ivareta ditt personvern:
- Sit du ein plass du ikkje kan verte forstyrra og ingen kan høyre kva de pratar om? Pass på at ingen kan komme inn plutseleg, kanskje du kan låse døra.
- Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om.
- Du bestemmer sjølv om du vil ha med deg nokon andre på møtet, det avtaler du i så fall med behandlaren på førehand eller i byrjinga av møtet. Ha legitimasjon tilgjengeleg. Dersom du er ukjent for behandlar kan du verte spurt om å vise legitimasjon. Du kan òg be helsepersonellet om å legitimere seg.
For ei god samtale
- Ha godt lys og plasser deg slik at behandlaren ser deg godt. Ikkje sit med eit vindaug bak deg, dette gjer at du ikkje vert så godt synleg.
- Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.