Kva gjer du om du opplev tekniske problem

Lurer du på kva du skal gjere og kven du kan kontakte om du støter på tekniske problem? Her finn du nokre tips.

  • ​Ha tilgang på telefon i tilfelle det vert noko krøll med oppkoblinga eller i møtet, slik at behandlaren får tak i deg om nødvendig.
  • Viss du har problem når du kjem inn i videorommet, kan du sende ei melding til behandlar. Meldingar finn du til venstre på skjermen, bak ein liten pil midt i biletet (sjå bilde nedenfor).
  • ​Når du kjem inn i videorommet, sjekk at kamera og mikrofon er på, slik skal det sjå ut:

​​

  • Viss du ser at biletet frys fast eller lyden hakkar kan det vere fordi det er dårleg dekning der du sit. Prøv å flytte deg nærare nettverksboksen din. Viss du har tekniske problem du ikkje klarer å løyse kan du få støtte ved å ringe Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 51



Fann du det du leita etter?