Ansvarleg for sida
Bilde på nettstaden
Alle bilda vi bruker på nettsidene våre er tekne med det føremålet at dei skal brukast i sjukehusa våre og på helse-vest-ikt.no. Alle menneska som er avbilda har gitt sitt samtykke til det.
Kommunikasjonsavdelingane i sjukehusa og Helse Vest IKT eig alle bilda som er brukte. Dei aller fleste bileta er tekne av kommunikasjonsavdelingane sjølve.
Nokre bilde på nettstaden er frå Colourbox, Corbis/Johnér eller andre eksterne byrå.
Vi har også bilde på Flickr
Du er velkommen til å ta kontakt med oss på kommunikasjon@helse-vest-ikt.no dersom du ønskjer bruke nokre av dei. Dersom du ønskjer å bruke eit bilde frå eit av sjukehusa eller frå Sjukehusapoteka Vest, ta kontakt med deira kommunikasjonsavdeling.
Helse-vest-ikt.no
Vi lanserte nye nettsider i september/oktober 2016. Løysinga bruker den tekniske plattforma SharePoint og er utvikla i samarbeid med e-helsedirektoratet og helsenorge.no. Løysinga er utvikla etter mobile-first-prinsippet og har responsiv design. Vi har også gjort så godt vi kan for å få sidene våre universelt utforma, slik at vi kan gi god informasjon uansett kven som besøkjer nettsidene våre.
Alle helseføretaka i Noreg bruker den same tekniske løysinga.
Gi oss gjerne tilbakemelding på sidene på kommunikasjon@helse-vest-ikt.no