Parallelle sesjonar dag 2 -Fellessamlinga 2021

​Parallelle foredrag kl 09.00-09.25

EFFEKTIVE TESTLØP I HELSENORGE-PROSJEKTA v/ testleiar Trude Antoniazzi og systemforvaltar Kristin Whitehouse, Testsenter. 
Korleis arbeider vi opp mot Helsenorge i test og forvaltning. Kva er det som gjer at dette samarbeidet er viktig for det ferdige resultatet og kva er det som er så effektivt?

KVARDAGSSIKKERHEIT v/ Randi Gjerde, IKT-sikkerheit.
DU er sikkerheitsansvarleg i Helse Vest IKT!  

LÆR; BYGG; TEST- WORKSHOP -VERKTØY OG METODE v/ Gina Sandtorv og Agnete Gullaksen, Innovasjon
Kjenner du til læringssløyfa og korleis du på kort tid kan gå frå innsikt til prototype? 
Vi gir deg det du treng for å komme i gang!

NETTVERK I HELSEHUS OG ANDRE BYGG EIN DELER MED ANDRE ORGANISASJONAR
v/Asle Bøyum og Anders Fauskanger, Datakommunikasjon.
Fordelar og utfordringar når ein deler fysisk infrastruktur med andre organisasjonar i helsesektoren. Korleis oppnår ein teknisk gode infrastrukturløysingar med ulike behov og utgangspunkt.

MØT LITTLE JOHNNY TABLES  - KORLEIS UNNGÅ SQL-INJECTIONS I KODEN VÅR
v/Morten Salomonsen, Utvikling.
Seksjon Utvikling har i fleire år fokusert på kontinuerleg tilpassing av måten vi jobber på, verktøya vi bruker og tankesettet vårt, for å møte stadig nye truslar som webapplikasjonar utsettast for. Korleis vert ei spesifikk sårbarheit handtert i applikasjonane våre, kva for nokre rutinar nyttar vi i utviklingsprosessen og kva verktøya nyttar vi oss av?

KVA FOR EIN STRATEGI HAR HVI PÅ SKY/ M365? v/Jakob Digranes, Skytenester.
-MTU og IT Hand i hand:
Kvar er HVIKT i forhold til skytenester no og korleis kom vi dit?
Vegen vidare, kva tenester og arbeidsflyter kan vurderast i sky - på kort sikt og lang sikt.
Strategi og planar for drift og forvalting av skytenester

 

Parallelle foredrag kl 09:40-10:05

PARKBYGGET, HAUKELAND OG ROBOTISERING v/ Torgny Neuman, FAPK.
Robotane sin inntogsmarsj - Bruk av robotar i Parkbygget på Haukeland.

GEVINSTREALISERING OG BRUKAR-INVOLVERING v/ Alexandra Reksten, Arkitektur og løsningsdesign. Gevinstrealisering kan berre skje der verdiskapinga skjer. Korleis kan vi kople på dei som veit kva endringar som vil gi nytte og faktisk kan gjennomføre dem? Nøkkelen ligg i kommunikasjon om målsetting og tillit.

FRAMTIDAS ARBEIDSFLATE v/ Steinar Mangersnes,  Innovasjon.
Ei konseptutredning som utfordra strategien vår. Kan vi levere på behova til dei kliniske miljøa uten å ta større eigeransvar for brukerflatene sjølv?

SESJONSVANDRING v/ Anders Tolstad Kristiansen, Klientdrift. 
Ta med arbeidsflaten overalt.

KORLEIS VERTE MEIR EFFEKTIV I ASSYST v/ Trond Helge Rolland , Driftssenter.

MIKROSEGMENTERING (NSX) I DATAHALLENE - KVA ER DET OG KVA FOR NOKRE FORDELAR GIR DET? v/ Andreas Espelid, Datakommunikasjon
Mikrosegmentering i datahallane til Helse Vest. Kva er NSX, og korleis vil det påverke oss framover?





Parallelle foredrag kl 11.00-11:25

STRUKTURERT JOURNAL I DIPS ARENA v/Silje Ljosland Bakke, Seksjon Felles løysing
Felles løysing er i gang med å bygge strukturert klinisk funksjonalitet på DIPS Arena-plattformen. Men kva inneber dette, og korleis gjer ein det?

MTA OG LABINSTRUMENT. - SAMARBEID MED HF’A v/ Sigurd Fyllingsnes, Kliniske system.

-MTU og IT Hand i hand: Finne skillelinjene mellom MTA og HVIKT. Kva definerer Medisinsk-Teknisk Utstyr. Utfordringar og lovbestemmingar med IT og MTU.

​DIGITAL LÆRING 
v/ Ingvild Peason, Felles løysing. 
Læring på digitale flater - Korleis lykkast med utviklinga av digitale læringsressursar?

MOBIL PLATTFORM v/ Robert Falkevik, Teknisk prosjektledelse
Om prosjektet Mobil Plattform og arbeidet med å skape eit robust fundament for bruk av mobilar i klinisk arbeid. Kor er vi i dag? Kva er vegen vidare?

ASSYST- OFTE STILTE SPØRSMÅL v/ Trond Helge Rolland, Driftssenter

IKT FRÅ EIT PASIENTPERSPEKTIV v/ Harald Breyholtz

Parallelle foredrag kl 11:40-12:05

OPPLEVD BRUKSKVALITET AV DIGITAL LEGEMIDDELFORORDNING BLANT 
LEGAR I HSØ OG HV v/ Micaela Thierly Seksjon Arkitektur og løsningsdesign.
Legane si oppleving av digital legemiddelforordning i Helse Sør-Øst og Helse Vest. Kva kan forbetre opplevinga? Er fornøydheit systemavhengig? Kva slags rolle spiller beslutningsstøtte og optimalisering for opplevinga? 

KVA ER EI PAKKE? Pakkerutinar, kvifor pakkar vi? Fordelar/ulempar med sentral applikasjonsdistribusjon v/ Karl Andre Skare

AKUTTVARSLING OG OVERFALLSALARMAR PÅ MOBIL v/ Thomas Erdal, Tele og 
Signal, og Espen Børresen, Teknisk Prosjektledelse.
Kor er vi - Kor vil vi - Korleis kjem vi saman dit vi vil? Eit innblikk i framtidans mobile arbeidskvardag med dei teknologiske utfordringane dette gir. Gjennomgang av erfaringar så langt og forslag til vegen vidare. 

KUBERNETES/ CONTAINARAR. - KVA ER DET OG KVA BETYR DET FOR OSS?
v/ Kristian Skurtveit, Server og lagrin.
Vi går gjennom oppbygginga av kontainere og korleis det skiller seg frå tradisjonell infrastruktur. Samtidig trekker vi fram DIPS-piloten og viser ein live demonstrasjon av Kubernetes.

DIGITALE TRUSLAR, DETEKSJON OG ANALYSE v/ Sigurd Andersen, seksjon for IKT-sikkerheit. 
Foredraget gir ei oversikt over trusselbiletet, ei teknisk innsikt i eit dataangrep og korleis vi kan oppdage det.



Fann du det du leita etter?