Kva treng du
- Eining som PC, Mac, mobil eller nettbrett
- Webkamera med mikrofon tilknytta eininga du skal kople deg opp frå
- Nettlesaren Chrome er føretrekt. Om du bruker Mac eller iPhone, bruk nettlesaren Safari
Korleis bestille møterom
Helse Vest IKT har eit skjema i Kundeweb der ein kan leggje inn bestilling av eit virtuelt møterom via Join/Norsk helsenett. Bestillingsskjema for virtuelt møterom finn du her. Merk at du må vere tilkopla Helse Vest sitt nettverk for å få tilgang til dette skjemaet.
Korleis kople opp på video
- Gå inn på https://join.nhn.no
- Skriv inn namnet ditt
- Sjekk at du ser deg sjølv og at indikator for lyden din (grøn linje) rører seg når du snakkar. Det kan vere lurt å skru av mikrofonen når du ikkje snakkar, for å unngå unødvendig støy i samtala.
Om du skal kople opp med eksternt kamera eller mikrofon noko ein anbefalar, trykk på dei tre prikkane (innstillingar) og vel aktuell lyd- og bildekjelde
- Klikk på det grøne videosymbolet for å starte eit videomøte
- Skriv inn nummeret med seks siffer i feltet "Search to call". Dette er nummeret til det virtuelle møterommet som alle deltakarane ringer inn til.

Trykk deretter på videosymbolet til høgre. Dersom det ikkje er PIN-kode på møterommet, kjem alle inn etter å ha trykt på videosymbolet til høgre.
Dersom du er vert (eiger av rommet) og har PIN-kode tastar du denne inn og trykker JOIN. Dei andre deltakarane som ikkje har PIN-kode trykker JOIN utan å skrive inn noe i PIN-feltet.

- Du er no inne i det virtuelle møterommet

For å tilgang til kontrollpanel trykk på pila til venstre i biletet og det vil dukke opp eit sidepanel. Her har du oversikt over deltakarar i rommet.
Trykk på dei tre prikkane øvst i høgre hjørne i sidepanelet for å få opp eit kontrollpanel. I kontrollpanelet kan verten låse møterommet, dempe mikrofonar, leggje til eller fjerne deltakarar og leggje til fysiske møterom.

Korleis låse rommet og kople ned samtala
- Du låser møterommet ved å klikke på Lock meeting i kontrollpanelet
- Du koplar ned møtet og alle deltakarane ved å klikke på Disconnect all
Tips til korleis du kan sjå alle dektakarar i samtala samtidig
I Join kan ein enkelt sjå alle deltakarar samstundes. Same prosedyre kan du gjennomføre frå mobiltelefon ved å skrive inn join.nhn.no i nettlesaren.
Når du endrar layout på samtala skjer dette òg for alle andre som er pålogga denne samtala via Join.nhn.no eller sit på eit ordinært videostudio. Dei som er pålogga via Skype vil ikkje få denne visninga.
Slik går du fram for å sjå bilete av deltakarar samtidig:
- Søk etter Join.nhn.no i startmenyen.

- Skriv inn namnet ditt fyrste gong du nyttar deg av tenesta.

- Velkomstvindu – vel Video

- Skriv inn nummer du skal ringe opp

- Trykk på … (Kontrollpanel)

- Alle (helst møteleiar) kan endre samtala sin layout. Vel 2+21. Dette valet medfører at dei to siste som har snakka i møtet visast med stort bilete, og resten under med mindre bilete.
