Videooppkopling via Skype

Internt nyttar Helse Vest Skype for Business til å kople opp til eit videomøte. For å kunne gjere dette må du ha programvara innstallert på PC.

​Korleis invitere til eit møte

  1. Opne Outlook
  2. Gå til Kalender
  3. Trykk på knappen «Nytt elektronisk møte»  
  4. Vel dato, tidspunkt og stad/plassering for møte. 

         

  • Du inviterer deltakarar til møtet ved å leggje dei inn i «Til»-feltet. Om du lurer på når det er ledig tid for alle deltakarane kan du velje "planleggingsassistent" øvst i vindauget.    

                                                        

     5. Gi møtet ein tittel ved å skrive i "Emne"-feltet.

     6. Trykk på "Send" for å sende invitasjonen. Møtet vert automatisk lagt til i kalenderen din.



Korleis delta i eit elektronisk lyd- eller videomøte

  1. Når du får ei møteinnkalling kan du velje å godta eller avslå førespurnaden. Dersom du godtar møtet, vert det lagt til i kalenderen din.

         

  1. Når du skal bli med i møtet, kan du dobbeltklikke på avtala i kalenderen din og trykke på «Bli med i Skype-møte». Du kan òg ringe inn til møtet via telefonnummeret i innkallinga. Du vil då verte bedt om å oppgi Konferanse-ID som frå innkallinga.

          

Lyd - kort versjon

  • Klikk på ikonet Vel primæreining 
  • Velg Innstillingar for lydeining og vel eininga du vil bruke frå lista.
  • Klikk på Spel av for å teste høgtalaren og justere volumet.


Lyd - utvida versjon 

For at du skal kunne bruke lydfunksjonane i Skype for Business, må datamaskinen ha mikrofon og høgtalarar som fungerer. Dersom datamaskinen ikkje har ein innebygd mikrofon, må du kople til ein ekstern mikrofon eller eit headset. Pass på følgjande:

Ekstern mikrofon    
Om du ønskjer å bruke ein ekstern mikrofon, må den konfigurerast ifølgje instruksjonane under.

Bruke intern mikrofon og høyttalarar    
Sjølv om du skal bruke ein intern mikrofon og høgtalarar, er det viktig at du følgjer trinna i denne artikkelen.

Lydeining er ikkje nødvendig    
Du treng ikkje å velje ein mikrofon for å kunne bruke Skype for Business, fordi den kan brukast med bare høgttalarar – eller utan høgtalarar. Du kan velje å berre lytte, eller bare bruke andre funksjonar som ikkje er for lyd.

Slik konfigurerer du alternativ for lydeiningar i Skype for Business:

  1. Klikk på pila ved sida av Alternativ-knappen i hovudvinduet i Skype for Business, og vel Verktøy > Innstillingar for lydeining.                                                      
  2. Vel eininga du vil bruke under Lydeining.                                               
  3. Klikk den grøne pila ved sida av Høgttalar for å høyre ei eksempeltone, og dra glidebrytaren om du treng å justere volumet.
  4. Snakk i nokre sekund for å teste volumet på mikrofonen. Volumet er optimalt når fremdriftslinja når midten av testområdet. Dra glidebrytaren ved sida av Mikrofon for å justere volumet på mikrofonen.
  5. Klikk den grøne pila ved sida av Ringeeining for å høyre eit eksempel på ein ringetone når du får eit anrop, og dra glidebrytaren for å justere ringevolumet.
  6. Klikk Kontroller samtalekvalitet, og følg instruksjonane for å spele inn ei kort melding og vidare spele ho av. Juster lyden etter behov. Ver merksam på at dette alternativet kan vere utilgjengeleg for din konto.
  7. Hvis du har meir enn ei lydeining, kan du velje å angje at begge skal ringe når du får eit anrop. Vel Ring òg under Sekundær ringeeining, og vel deretter ei ekstra eining. Du kan òg velje Opphev demping når telefonen ringer. Dette vil automatisk oppheve dempinga av høgtalararne når du får eit Skype for Business-anrop.
  8. Vel Tillat avspeling av stereolyd når tilgjengeleg for å sikre at du får best mogleg lydkvalitet under eit møte.
  9. Klikk OK når du er ferdig.
Tips: Du kan velje ulike einingar for mikrofonen og høgtalarar. Men det beste er å bruke same eining for både mikrofonen og høgtalar for å unngå ekko. Om du må bruke separate einingar, kan du minimere ekkoeffekta ved å senke høgttalarvolumet.

Video - kort versjon

  • Vel Videoeining og vel kameraet du vil bruke frå lista.
  • Klikk på Kamerainnstillingar for å justere lys og farge.
  • Klikk på OK

For å foreta eit videoanrop, hald musepeikaren på nokon sitt bilete i hovudvinduet og vel ikonet for Videosamtale

Video - utvida versjon


  1. I hovudvinduet i Skype for Business klikkar du på pila ved sida av Alternativ-knappen i hovudvinduet i Skype for Business og vel Verktøy > Innstillingar for videoeiningar. I vinduet ser du kva kameraet ditt ser.
  2. Dersom du har fleire kamera og vil bytte, vel du ønska kamera frå rullegardinlista.
  3. Om du vil endre avanserte innstillingar, for eksempel fargebalanse, kontrast, lysstyrke og svart-hvitt-modus, klikkar du Kamerainnstillingar.
  4. Klikk OK når du er ferdig.





Fann du det du leita etter?