VR-CPR Personal Edition

VR-CPR er ein simulator for nødsituasjonar, designa for å vere eit treningsverktøy for korleis ein utfører prosedyren for gjenoppliving (cardiopulmonary resuscitation (CPR)).

Foto: Steampowered.com
Fordelen med simulatoren er at den kan brukast både med eller utan gjenopplivingsdukke.

I starten av kvar økt får du velje mellom tre ulike scenario: sjukehus, utanfor sjukehus og paediatric.  Kvart scenario er ulikt og krev at brukaren utfører ulike protokollar. Før ein set i gang er det mogleg å tilpasse nokre aspekt, som til dømes kor tid ein får hjartestartar tilgjengeleg, kor mange kompressjonar som er naudsynt og kor tid i syklusen ein bør bruke hjartestartaren.

Utviklarane av simulatoren har samarbeida tett med produsentane av hjartestartarmaskinane for å vere trygge på at simulatoren er så verkelegheitsnær som mogleg.

Simulatoren er under utprøving på Ferdighetssenteret på Haukeland, der den har blitt testa med gjenopplivingsdukke, med stor suksess.

Klikk her for å laste ned og lese meir om VR-CPR.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.