Helse Vest IKT har om lag 605 tilsette fordelt på ti ulike kontor i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde.
Helse Vest IKT er ei innovativ verksemd som til ei kvar tid har pågåande prosjekt for å betre pasientbehandlinga på sjukehusa på Vestlandet.
Vi er opptekne av å vere tilgjengelege for kundene våre og tilbyr: • Produkt og tenester innanfor drift, produksjon og brukarstøtte• Brukarutstyr, systemforvaltning og systemintegrasjon• Innføring, opplæring, utfasing og endring av system• Rådgjeving og prosjektleiing
Vi er organisert i seks avdelingar, i tillegg til tre stabseiningar: Økonomi, HR og Fellesarkitektur og porteføljekontor. Avdelingane er organisert i fleire seksjonar.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.