Tenesteutvikling

Avdelinga har ansvar for forvaltning og vidareutvikling av Helse Vest sine IKT-løysingar. Tenesteutvikling skal bidra til betre bruk gjennom tett dialog med systemeigarar og systemansvarlege i helseføretaka. Handtering av komplekse saker og planlegging av endringar og oppgradering er ei vesentleg oppgåve for dei fire ulike seksjonane i avdelinga.
 
Rolla som systemforvaltar i dei ulike seksjonane kan variere litt etter kva type teneste eller forvaltingsmodell som er etablert. Avdelinga har medarbeidarar som spenner over fleire fagfelt. Nokon har kompetanse frå klinisk verksemd, nokon kjenner eit konkret system som nyttast kring eit fagområde – til dømes økonomi – mens andre igjen har ein meir teknisk profil. Alt dette, i saman med generell IKT-kompetanse, skaper de gode leveransane frå Tjenesteutvikling.


Fann du det du leita etter?