Brukarstøtte

​Ei av hovudoppgåvene våre er å hjelpe brukarar med systema og løyse feil. Det er Kundesenteret som tek imot henvendelser via telefon, e-post eller kundeweb. 

Våre kundekonsulentar gir brukarstøtte og løyser programvarefeil via telefon og fjernstyring, i tillegg til å handtere brukarkontoar og rekvirentregister.

Når Kundesenteret får inn ei sak, prioriterer og fordeler dei spørsmåla og feilmeldingane som kjem inn fortløpande. Alle nye problem vert retta til Kundesenteret, uavhengig av kven som kjem til å handsame problemstillinga.                  

Kundeweb

På Kundeweb kan du melde inn feil, gjere bestillingar og få svar på spørsmål.

Kundeweb

Kundesenter

Kundesenteret tek imot henvendelser via telefon, e-post eller kundeweb. Vi gir brukarstøtte og løyser programvarefeil via telefon og fjernstyring, i tillegg til å handtere brukarkontoar og rekvirentregister.

Når Kundesenteret får inn ei sak, prioriterer og fordeler dei spørsmåla og feilmeldingane som kjem inn fortløpande.

Alle nye problem vert retta til Kundesenteret, uavhengig av kven som kjem til å handsame problemstillinga. Problem som ikkje kan løysast av Kundesenteret vert kategorisert og sendt vidare til dei andre avdelingane i Helse Vest IKT.

Les meir om Kundesenteret på den interne nettsida deira

Sakshandssaming

Det er saka si natur som avgjer korleis og kven som skal løyse ho. Lurer du på kor lang tid du må rekne med før saka di vert løyst?

​​​​​​​​For hendvendingar som hastar anbefalar vi epost eller telefon. ​Meldingar til e-postadressa vert lest og registrert i ukedagane, innan 8 arbeidstimar.

Dersom det ikkje hastar å få løyst saka, anbefalar vi å bruke kundeweb slik at vi snarare kan kategorisere, prioritere og tildele henvendinga.

Om det oppstår driftskritiske hendingar utanfor kundesenterets opningstid kan IT-vakten kontaktast på same telefonnummer.

​Kundesenteret har som mål å løyse 80% av henvendingane med ein gong.​ Problem som ikkje kan løysast av Kundesenteret vert kategorisert og sendt vidare til dei andre avdelingane i Helse Vest IKT.​​

Kurs og opplæring

På Læringsportalen finn du informasjon om kurs og opplæring i Helse Vest.

Læringsportalen

Sharepoint

Helse Vest IKT bruker Sharepoint som intranett og som arbeidsområde i all prosjektverksemd. Sharepoint brukast til å informere om interne nyheiter, deling av filer, informasjon om reisebestilling, organisasjonsstruktur og mykje anna. Førebels er tre av Sharepoint-områda til Helse Vest IKT tilgjengeleg eksternt. Klikk på lenken under for å finne ut korleis du kan få tilgang til desse områda.

Les meir om Sharepoint

Bestillinger

På Samplepunktet kan du foreta ei bestilling og få oversikt over alle førespurnadar om deg eller frå deg.

Samlepunktet
 

Fjernaksess

Er du konsulent eller leverandør og har behov for tilgang til driftsystem ved Helse Vest IKT?

Vi kan gi sikker tilgang til ein terminalserver. Det er ingen direkte kommunikasjon med driftssystem ved Helse Vest IKT frå leverandørens nettverk.

Dersom det er behov kan vi hjelpe med å installere programvare på terminalserveren.

For å få en VPN-tilgang til Helse Vest må firmaet du jobber for være en registrert leverandør hos Helse Vest IKT.

I tillegg må det søkes om unik tilgang for kvar person som skal utføre arbeid via en VPN-tilkobling.

Tilgang til systemet vert ordna for kvar brukar etter avtale med avdelingsleiar.

Skjema for firmaregistrering

Skjema for brukarregistrering

Installasjonsrettleiing VPN (pdf)

Tausheitserklæring (pdf)

Tausheitserklæring (pdf) - engelsk