Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Dame med VR-briller

Bli ein del av Vestlandets største IT-miljø. Vi jobbar for å betre pasientbehandlinga gjennom nye IKT-løysingar.

Vil du jobbe med teknologi som bidreg til å redde liv? Helse Vest IKT har jobbmoglegheiter over heile Vestlandet. Hos oss vil du møte eit framtidsretta miljø, med variert erfaring og kompetanse, som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar.

Ansatt på AMK.
– I dag kan vi få direktevideo frå skadestaden, vi kan dele informasjon i sanntid med ambulanse, politi og brann, og ambulansen kan sende hjartedata direkte til akuttmottaket.
Åge Carl Jensen, leiar for AMK i Helse Bergen

Det kan hende du er livsviktig

I Helse Vest IKT har vi konsulentar og rådgivarar med variert bakgrunn. Ein stor del av våre medarbeidarar er erfarne rådgjevarar innan IKT eller helse. Mange kjem frå helsesektoren med ønskje om å forbetre pasientbehandling gjennom nye IKT-løysingar. I tillegg har vi medarbeidarar som er nyutdanna og kjem frå høgskule eller universitet. Fagleg utvikling for enkeltpersonar og selskapet står sentralt.

Tre ansatte på kontoret.
– Den tydelege forpliktinga vi har til å fremje kvalitetstenester for helsetenesta er det som inspirerer meg mest i kvardagen. Og så kollegaer, då! Eg har ufatteleg mange høve til å utvikle meg fagleg, alltid med god støtte frå leiarar.
Linn Venås, seksjon Utvikling i Helse Vest IKT

Søk jobb hos oss

I Helse Vest IKT har vi jobbmoglegheiter over heile Vestlandet. Medarbeidarane våre er fordelt mellom Førde, Bergen Haugesund og Stavanger. Vi har òg mindre avdelingskontor på Voss, Odda, og Stord. Bli betre kjent med våre dyktige kollegaer, les om nokre av våre tenester og prosjekt, og søk jobb hos oss.