Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Møt våre tilsette

Pasienten i fokus

Vi er med på å leggje til rette for at pasientinformasjonen kjem fram til rett mottakar til rett tid, slik at pasientbehandlinga går så trygt og effektivt føre seg som mogleg. Tenk på korleis me bidreg til å gjera kvardagen enklare for dei som er nærast pasientane!

Publisert 22.08.2022
Sist oppdatert 13.01.2023
En person som står foran en hage
Lene bruker mesteparten av fritida i kjøkkenhagen sin. Ho deler prøving og feiling i eigen hage under brukarnamnet @frokenkjokkenhage på Instagram



Namn: Lene Aspen 
Alder: 39
Stillingstittel: Konsulent

Bakgrunn

Eg starta karrieren i kommunal heimeteneste. Etter ei stund heiv eg meg på eit studie for å få mastergrad i endringsleiing. Ved sida av studiane jobba eg med å leggje til rette for elektronisk samhandling i Helse Fonna. I 2020 løfta eg blikket frå lokal til regional koordinering av samhandling. Då høvet baud seg, vart det naturleg for meg å gå over til Seksjon for amhandling i Helse Vest IKT.  

Kva jobber du med?

Hovudrolla mi er å koordinere og stille saman regionale interesser og behov knyte til elektronisk meldingsutveksling mellom sjukehus og kommunar/fastlegar/andre helseregionar. Eg jobbar tett opp mot føretaka i Helse Vest gjennom regionale arbeidsgrupper, der me diskuterer samhandlingsrelaterte problemstillingar for å få ei einskapleg forståing og løysing.

Eg er involvert i ODA-prosjektet (Overgang til DIPS Arena) og i delleveransar av Vel Heim-prosjektet. Her ser me mellom anna på korleis samhandlinga best mogleg kan leggjast opp for å sikre god meldingsflyt ved overføring av pasienten mellom kommunar og sjukehus.

I tillegg representerer eg Helse Vest i KS eKomp Vest, som er kommunalt nettverk for å samkøyra e-helseinitiativ. Det er mykje som skjer på e-helsefronten for tida, og her er det viktig at me går i takt. Rolla mi er å ha oversikt over det som skjer på begge sider, og bidra til samkøyring og avklaringar der det trengs.

 

Kva er det beste med jobben?

Noko av det beste med å jobba i Helse Vest IKT er at eg har fridom under ansvar – at arbeidsgivar stoler på at eg leverer det eg har sagt eg skal levera. Eg opplever at eg har stor påverknad på min eigen arbeidskvardag, og at eg blir høyrd dersom eg har behov for endring.​

Det er spanande arbeid, og eg får bruk for bakgrunnen min som sjukepleiar og utdanningen i endringsleiing. 

Det er utruleg gøy å få vere med på å leggje til rette for noko som faktisk er så viktig. Tenk på korleis me bidreg til å gjera kvardagen enklare for dei som er nærast pasientane! Det er noko å fortelja barnebarna om ein vakker dag.