Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Møt våre tilsette

Eva vil redde liv med mobilspel

Innovatør Eva Cathrine Backer frå Avdeling for innovasjon og arkitektur, har det siste året jobba med å utvikle eit spel som skal redde liv. No er spelet om blodforgifting snart klart til lansering.

Publisert 10.10.2017
Sist oppdatert 20.10.2017
En person som viser en person noe på papiret

E-læring har etter kvart blitt mykje brukt i helsevesenet, men spel for helsepersonell er det førebels få som har forsøkt å bruke. Då innovatør Eva Cathrine Backer fekk spørsmål om korfor Helse Vest var så dårlege på «gameification», fekk ho ein idé.

- Eg fann ut at gjerne ville lage eit læringsspel, og då skulle eg lage noko på blodforgifting, også kjent som sepsis. Eg ville lage eit annleis spel, eit morosamt spel som var kort og gøy, med kjende situasjonar og eit tiltrekkjande design. Eit spel som var så gøy og rart at sjukepleiarane ville spele det på bussen på veg til jobb og dele det på Facebook, fortel Eva.  

At det blei akkurat sepsis var ikkje tilfeldig. Etter å ha jobba fleire år som sjukepleiar ved infeksjonsavdelinga i Stavanger og på Haukeland, hadde ho sett korleis manglande fokus på dette kunne få alvorlege konsekvensar.

- Blodforgifting er ein alvorleg tilstand der bakteriar kjem inn i blodet, og der infeksjonen spreier seg til kroppens organ. Endringane skjer veldig raskt og derfor er det viktig at all helsepersonell rundt pasienten er observant på dei symptoma som sepsis viser, fortel Eva.  

Sepsis har høg daudelegheit og rammar om lag ein av tusen kvart einaste år i Noreg. Eva håpar spelet kan vere med å setje sepsis på agendaen blant sjukepleiarane og anna helsepersonell.

- Målet med læringa er ikkje at ein skal bli ekspert på Sepsis. Det er meir meint at ein skal bli meir merksam på Sepsis og få folk til å bli nysgjerrige, som eit utgangspunkt for diskusjon på avdelingane.

På lag med Tegnehanne

Spelet har to nivå, med to ulike læringsmål.

- Det første nivået handlar om å vurdere om pasienten kan ha sepsis og varsle. Der er det forskjellige metodikkar som brukaren blir introdusert for. Nivå to handlar om setje opp behandlingsplanen med dei viktigaste tiltaka, som er gyldige for alle som har sepsis.

Før dei gjekk i gang med å utvikle spelet hadde Eva eit brennande ønske. Ho ville ha med tegneserieskaparen «Tegnehanne» på laget.

- Det var avgjerande for at vi sette i gang, og då ho sa ja til å bli med var det gjort. Ho er kjent innanfor pleiemiljøet, så eg visste at det ville fungere i den målgruppa som dette skal ut til. 

 

En kvinne som holder en liten boks

 

Sjukepleiarane med i utviklinga

For å utvikle spelet vidare frå idéstadiet har Eva hatt kontakt med ei referansegruppe med sjukepleiarar og infeksjonsoverlegar. Ei av desse er avdelingssjukepleiar ved Infeksjonsavdelinga 5 vest på Haukeland, Hege Cecilie Sørby.

- Eg tykkjer det har vore veldig gøy og spennande å få vere med i denne prosessen. Det er viktig å halde fokus på sepsis, frå oppdaging til behandling. Sepsis er eit av satsingsområda her på sjukehuset. Alle kan i teorien utvikle ei form for sepsis. Spesielt når det gjeld infeksjonspasientar, fortel Hege Cecilie.

Sepsis er noko det er fokus på i heile sjukehuset. Ho er fornøgd med korleis spelet har blitt og trur det vil bli godt motteke.

- Spelet har blitt veldig bra. Det har kome med ein del nye og artige ting sidan eg såg det sist. Eg trur absolutt det vil vere interesse for spelet hjå oss. Det å gjere kunnskap gøy er alltid positivt, smiler Hege Cecilie.

Snart klar for lansering

I 2016 la Eva inn ein søknad om støtte frå dei regionale innovasjonsmidlane som deltast ut årleg av administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen. Der fekk ho tilslag på 235 000 kroner i støtte. Det har gjort det mogleg å ferdigstille spelet.

- I starten fekk eg hjelp av nokre bachelorstudentar på Høgskulen i Bergen, samt Stig H. Våge frå seksjon for utvikling, til å lage ein prototype. Sidan då har spelet blitt utvikla på nytt i ein ny spelmotor av Stig og Finn Michael Halvorsen. Sjølv har eg stått for manus og konsept- og prosjektleiing, som eg har gjort ved sidan av mine andre oppgåver. Vi har heile tida hatt full støtte frå våre leiarar, noko som har vore godt å kjenne på, fortel Eva.

- Vi har presentert spelet for Helsedirektoratet, via Pasienttryggleiksprogrammet. Dei ønskjer å ta det inn i sin tiltakspakke for sepsis med nasjonal lansering i 2018, strålar Eva og avslørar samstundes at spelet vil bli gratis, og fungerer på mobil, PC og nettbrett, og i alle dei vanlege nettlesarane.

Open for fleire spel

Skulle «Stopp sepsis» bli ein suksess har Eva allereie fleire idear til andre spel.

- Vi har teikna opp to andre minispel som òg handlar om kunnskap som alle i pleiegruppa skal ha. Det eine spelet går rett på ein metodikk for tidleg oppdaging av forverring av somatisk sjukdom. Vi har òg ein idé om eit spel om dei farlege multiresistente stafylokokkane, MRSA.

- Vi er klare til å lage fleire minispel om viktige tema dersom Helse Vest eller Helsedirektoratet skulle ønskje det, smiler ho.

 

Et par kvinner smiler

 

Eva (t.v.) har fått mykje hjelp fra Hege Cecilie Sørby og dei andre sjukepleiarane på medisin post fem på Haukeland Universitetsjukehus.