Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Operasjonsstue med skjermer

Gjennom 20 år har Helse Vest IKT levert digitale tenester til sjukehus i Vest.

Sidan 2004 har våre medarbeidarar tatt store sprang saman med sjukehuskollegaer. I Helse Vest er det i dag 30 000 tilsette. Kvar og ein treng driftssikker og brukarvenleg teknologi, dag og natt, heile året rundt. Alt med mål om å sikre at pasientar får den trygge behandlinga dei treng. Her er nokre få smakebitar av kva vi har fått til saman med sjukehusa dei siste 20 åra.

Portrett av Åge Carl Jensen.
Direktevideo frå skadestaden

– I dag kan vi få direktevideo frå skadestaden, vi kan dele informasjon i sanntid med ambulanse, politi og brann, og ambulansen kan sende hjartedata direkte til akuttmottaket, seier Åge Carl Jensen, leiar for Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral i Helse Bergen.

– Løysingar vi berre kunne drøyme om i 1984, er no blitt ein viktig del av måten vi jobbar på. Den gong ønskte vi å ha moglegheita til å få tilsendt bilete frå skadestaden, og no tek vi imot direktesendt video frå innringaren sin telefon. Det gjer oss i stand til å vurdere situasjonen, og gi betre rettleiing til dei som ringer inn. Det er ein ekstra tryggleik for oss, innringar og alle som er involvert, seier Jensen.

Felles digitale pasientjournalar

– Før måtte vi leite etter papirjournalar. Nokre gonger fann vi dei ikkje. Og vi måtte behandle pasientar utan tilgang til tidlegare sjukehistorikk, fortel Alf Henrik Andreassen, direktør ved Revmatologisk avdeling på Haukeland.

– Tidlegare hadde vi ikkje tilgjengelege journalar frå nabosjukehusa her i Bergen. Vi hadde ingen informasjon på Haukeland om opphald på Haraldsplass, og måtte be dei sende over informasjonen. Det tok tid. Her i Lungebygget, som det heitte på 90-talet, var papirjournalane i eit bomberom i kjellaren.

26. april 2010 var ein milepæl for innføringa av eit felles journalsystem. Teknisk klarte vi å gjere mange millionar av notat digitalt tilgjengeleg.

Med eit felles journalsystem fekk vi eit stort felles løft for å binde sjukehusa i Helse Vest saman. Alt vi gjer skal jo trygge pasientsikkerheita, og ivareta både kvalitet, teieplikta og forsking, seier Andreassen.

Raskare pasientbehandling med nytt labsystem

Unilab er eit system for laboratoriedata, som held oversikt over prøver og gjer det sporbart kvar i prosessen prøva er til ei kvar tid. Tidlegare hadde vi papirrekvisisjonar til dette formålet, men no ligg det i systemet, fortel bioingeniør Tone Bjerregård.

Unilab handterer blodprøver frå heile Helse Vest.

– Vi får prøver frå primærhelsetenesta, frå sjukehus og andre som bestiller prøver hos oss. Dei blir deretter analyserte. Pasientane har ei større sikkerheit for at vi får tatt dei riktige prøvene, når alt er elektronisk bestilt, seier Bjerregård.

Unilab handterer

30000000

blodprøver per år i Helse Vest.

En mann med briller
20 år med enorme framsteg

– Gjennom 20 år har Helse Vest fått stadig fleire utfordringar. Vi er i dag leiande nasjonalt innan nytenking, innovasjon og tryggleik innan helsesektoren. Men mykje gjenstår dei neste 20 åra, seier administrerande direktør Ole Jørgen Kirkeluten.

– Dei siste 20 åra har vist oss at teknologien ikkje berre handlar om å sikre godt nett og gode verktøy i kvardagen. IKT er til stades i dei fleste rom på sjukehusa, og i dialogen med pasientane.

Dei neste 20 åra må vi jobbe hardare for å avlaste sjukehusa, som opplev aukande arbeidspress og lange ventelister. Vår kompetanse innan robotisering og kunstig intelligens er konkrete eksempel for kva vi skal levere av tenester. Og vi må sikre oss mot uønska avanserte åtak frå kriminelle internasjonale nettverk.

Heldigvis har vi ressursar på plass for å handsame dette. Eg er stolt over kva vi har fått til, og kan få til, saman med sjukehusa og for pasientane i vest, seier Kirkeluten.