Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Trusselvurdering 2024

Det digitale trusselbiletet mot spesialisthelsetenesta

Trusselvurdering 2024 er no utarbeida og publisert for spesialisthelsetenesta. Vurderinga gjeld for eitt år fram i tid, og skal gi ei skildring av det digitale trusselbiletet mot spesialisthelsetenesta.

Publisert 03.06.2024

Årets vurdering er utarbeida i fellesskap med regionane sine IKT-leverandørar, samt HelseCERT. 

Rapporten skal sikre ei felles situasjonsforståing blant leiarar og medarbeidarar i spesialisthelsetenesta. Trusselvurderinga skal gi innsikt i korleis ein kan forstå kva som trugar spesialisthelsetenesta sine verdiar og kva risiko dette utgjer, slik at vi betre evnar å vurdere risikoen vi står overfor.

Her kan du lese rapporten:

Trusselvurdering 2024 - Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetjenesten.pdf

 

En kvinne og en mann
Helse Vest IKT har bidrege til arbeidet med trusselvurderinga, her ved sikkerheitsrådgiver Sissel Ertenstein og sikkerheitsleiar Aksel Bruun. Foto: Tone E. Solheim.