Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT

Vidar held Voss sjukehus på nett

Vidar er handymannen på Voss Sjukehus. Dersom dei tilsette på sjukehuset har dataproblem eller ikkje kjem på nett, er det Vidar som ordnar opp.

Publisert 23.11.2016
En mann som står på en balkong med utsikt over en by

Vidar jobbar som IKT-teknikar innan seksjon for Klientdrift i Helse Vest IKT, på Voss sjukehus. Han er ein av fire Helse Vest IKT-tilsette som held til på Voss sjukehus. Her har han ansvar for det datatekniske på sjukehuset og trivst godt med det.

En mann med briller
- I og med at eg er så tett på sjukehuset ser eg godt resultatet av arbeidet i den andre enden. Anten om det er med pasientar som slit med å komme seg på nett, eller legar som treng hjelp til noko datateknisk. Eg er stolt over at eg får hjelpe til med å gjere kvardagen deira enklare

Med om lag 400 tilsette er Voss sjukehus langt frå det største i regionen. Men fordi Vidar er aleine på feltet, blir det nok å gjere.

- Det blir meir og meir å gjere etter kvart som ein går vekk frå papir og over til data. Derfor jobbar eg tett med dei som har ansvaret for medisinsk teknisk utstyr her på sjukehuset.  Vi lærar av kvarandre og dreg nytte av den kompetansen vi har på tvers, fortel han.

Den tilflytta bergensaren er ein av dei i Helse Vest IKT med lengst fartstid i selskapet. I 2018 feirar han 20 års jubileum i jobben. Teknikaren trur trivselen har vore den viktigaste årsaka til at han har blitt verande så lenge.

- Eg følar at eg får styre kvardagen og gjere dei tinga som eg er god på. Her på sjukehuset verkar det som om at dei er glade for å ha meg her. Dei fleste kjenner meg no, fortel han.

Handymannen

Til tross for at Vidar står parat for 400 tilsette, og også har ansvaret for oppfølginga av Lærdal sjukehus, har han tilsynelatande full kontroll.

- Eg har jobba med data i så mange år at det ikkje er så ofte at eg sit fast i løpet av arbeidsdagen, humrar han.

Han beskriv seg sjølv som ein handyman.

- Eg er nok ein alt-mulig-mann her på sjukehuset. Vi har ikkje nokon frå nettverk her, så då er det eg som har ansvaret for det. Då må eg skifte switcher og ordne ting når det dukkar opp.

- No skal vi ha ein stor utbygging av trådlaust nettverk på sjukehuset her. Så då er det over 300 basestasjonar som skal monterast.

Annleis enn Bergen

Vidar trur det er annleis å jobbe på eit lite sjukehus som Voss. Samanlikna med Haukeland, kor det er om lag 10 000 tilsette, og IKT-teknikarane ikkje sit i same bygg som legane og sjukepleiarane.

- Vi har nok eit litt anna forhold til dei på sjukehuset enn kva ein har i Bergen. Sjølv kjenner eg meg nok like mykje kollega med dei tilsette på sjukehuset, som med dei frå Helse Vest IKT. Vi blir invitert til sjukehuset sine julebord. I tillegg blir vi invitert på blåturar og julelunsjen, som dei på sjukehuset arrangerer, fortel Vidar.

I mange av stillingsutlysingane som Helse Vest IKT har ute er det mogleg å velje arbeidsstad. Vidar bur og lev på Voss, så for han har det vore ein stor fordel å sleppe pendlinga til og frå Bergen.

- Vi er heldig som får jobbe frå heimplassen vår. Det er en stor fordel for oss, for sjukehuset og forhåpentlegvis også for Helse Vest IKT, med at vi kan vere til stades her og bidra til ein utviklar selskapet og har ein nærleik til sjukehusa, avsluttar han. 

Helse Vest IKT har berre fire tilsette på Voss, men dei er til gjengjeld godt integrert med sjukehuset og deira tilsette.