Leiinga i Helse Vest IKT

Organisering

Helse Vest IKT er eit aksjeselskap som er eit heileigd dotterselskap av Helse Vest RHF, og skal levere produkt og tenester til helseføretaka på IKT-området.

Styringsdokumentet til Helse Vest IKT AS søkjer å balansere det forhold at Helse Vest IKT AS har eit særskilt og avgrensa ansvar, samtidig som selskapet er ein del av føretaksgruppa i Helse Vest RHF. 

Ved sida av Helse Vest IKT har det regionale helseføretaket, Helse Vest, fire helseføretak: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger. 

Klikk her​ for å laste ned organisasjonskartet vårt.

Organisasjonskart per 01. januar 2022

Nasjonal organisering

Spesialisthelsetenesta i Noreg omfattar offentlege sjukehus og institusjonar innan somatikk, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelmisbruk og ambulanseteneste. Tenesten er organisert gjennom regionale helseforetak.

Dei regionale helseføretaka (Helse Vest, Helse Sør-Øst, Helse Midt og Helse Nord), har ansvaret for å tilby befolkninga i sin region nødvendige spesialisthelsetenester. Dette kan gjerast ved å tilby tenester frå eigne helseføretak, ved å kjøpe tenester frå private sjukehus, frå private legespesialistar, frå sjukehus i andre regionar, eller i utlandet. Dei regionale helseføretaka er også eigarar av eigne helseforetak.

Dei offentlege sjukehusa og sjukehusapoteka er organisert i helseføretak. Det kan vere eitt eller fleire sjukehus organisert under samme helseføretak.

Helse Vest IKT er i denne samanhengen organisert som eit heleigd dotterselskap under Helse Vest, og skal tilby IKT-tenester til regionens sjukehus. 

Leiinga i Helse Vest IKT

 Leiinga i Helse Vest IKT

Leiargruppa i Helse Vest IKT består av administrerande direktør og ni avdelingsleiarar, som kver er ansvarleg for sine underliggjande seksjonar. Leiargruppa i Helse Vest IKT har jamlege møter og tek dei store avgjerdsla i selskapet. Dette er medlemene i leiargruppa:

Ole Jørgen Kirkeluten, administrerande direktør

Utdanna høgskuleingeniør og sivilingeniør innan datateknikk fra NTNU. Kirkeluten har erfaring frå ulike bransjar, som telekommunikasjon, energi, olje, helse og finans

Leif Nordland, avdelingsleiar for Økonomi 

Siviløkonom frå Handelshøgskulen i Bodø. Tidlegare økonomisjef i Hummervoll AS og rekneskapssjef i Helse Bergen.

Ole Fr. Gulbrandsen, avdelingsleiar for HR

Master Human Resource Management frå Universitetet i Nordland. Har tidligare arbeida som HR-leder og rådgjever innan statleg- og kommunal sektor.  

Ørjan Andersen, avdelingsleiar for Tenesteutvikling

Hovudfag i informasjonsviskap frå Universitet i Bergen. Tidlegare konsulent i PWC og rådgjevar og prosjektleiar i Helse Bergen.

Vidar Råheim, avdelingsleiar for EPJ Fagsenter

Master i Helse og sosialinformatikk frå Universitetet i Agder. Tidligare ledar av EPJ fagsenter i Helse Stavanger

Harald Flaten, avdelingsleiar for Tenesteproduksjon

Elektronikkingeniør frå NKIs Ingeniørhøgskule i Bergen. Tidlegare driftsingeniør i Televerket og driftsleiar for IT-avdelinga ved Sentralsjukehuset i Førde.

Fredrik Eldøy, avdelingsleiar for IKT Fagsenter

Sivilingeniør i telematikk frå NTNU. Tidlegare arbeida ved Universitetet i Bergen og hjå EDB Business Consulting.

Gjertrud Fagerli, avdelingsleiar for Verksemdsutvikling

Sivilingeniør og leiarutdanning fra NHH og BI. Har tidlegare arbeida i Accenture, Telenor og EDB Business Partner.

Vibeke Vold, avdelingsleier for Arkitektur og innovasjon

Doktorgrad i informasjonsvitenskap fra Universitetet i Bergen og lederutdanning fra Norges Handelshøyskole. Har tidligere arbeidet i Equinor, Uni Health/Uni Research, DNBNor, UIB og NSD​

Alexandra Reksten​, konstituert leiar for Felles arkitektur og porteføljekontor (FAPK)​

Master i Helseledelse fra Universitetet i Bergen. Utlånt fra rolle som assisterende seksjonsleder i avdeling for arkitektur og innovasjon.

Fann du det du leita etter?