Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest IKT
Person trykker på en skjerm

Program

Pasientretta kommunikasjon og betre digitale flater (Alle møter)

Alle møter har vakse frå å vere eit enkelt prosjekt for å få alle pasienter til å møte, til at det i dag er eit program med mange prosjekt. Alle har fokus på korleis auke mobilitet og kommunikasjon mellom sjukehusog pasient.

Målet er at ventetida blir kortare, planlegginga betre og at fleire møter til timane sine. ​​

I 2012 var det 82.000 konsultasjonar i Helse Vest kor pasienten ikkje møtte til timen sin, og 127.000 pasientar tok kontakt for å endre på timeavtalane sine. Med dei nye løysningane som kjem vil vi gjere det enklare å halde ein god dialog mellom sjukehus og pasient. Du vil få oversikt over timar, og få endra avtalen om den ikkje skulle passe.

Vestlandspasienten er eit av Alle Møter-programmet. Det er eit tilbod til deg som er pasient i Helse Vest. Her får du oversikt over timeavtalane dine på sjukehuset, og det blir enklare for deg å få kontakt med sjukehuset.

Alle som er pasientar ved eitt av sjukehusa i Helse Vest kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine. Du har også tilgang til ei rekkje andre funksjonar. Dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa.

Sist oppdatert 18.05.2016