logo Helse Vest IKT

Videokonsultasjonar via Helsenorge

Det er mogleg å møte behandlararen din via video i staden for fysisk oppmøte. 

Vi tilrår at du ser denne korte filmen om førebuingar til videokonsultasjonar.

​​​

Om du treng meir informasjon finn du dette under. Informasjonen gjeld i hovudsak pasientar, men er òg relevant for andre som skal delta i møte med sjukehus og pasient.

Informasjon om korleis du koplar deg opp og startar videokonsultasjonen vert sendt i innkallingsbrevet som du vil motta anten i innboksen din på Helsenorge eller i ein digital postkasse. I nokre tilfelle kan den òg verte sendt på SMS eller e-post. For at videokonsultasjonen skal verte bra må du ta visse omsyn, så vi ber deg som pasient om å følgje instruksane du får frå sjukehuset og å lese informasjonen nedanfor nøye. 

Du styrer sjølv tilgangen til digitale tenester på helsenorge.no. For at du skal få varsel om at du har motteke innkalling med informasjon om oppkopling til video, må du ha samtykka til «full tilgang» i personverninnstillingane dine.
Sjekk følgjande dersom du er usikker på om du har «full tilgang»:

  1. Logg inn på helsenorge.no
  2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre slik at du får opp profilinnstillingane dine under Profil og innstillingar.
  3. Trykk på «Personverninnstillingar». Om «Vel kva for nokre tenester du vil bruke» viser «Du har samtykka til Full», er du allereie i mål. Viser denne noko anna, må du trykke «Endre samtykke», og sett den til «Full».
​Med «fullt samtykke» på Helsenorge, vil du få varsel på SMS/e-post om innkallingar som du finn under «Meldingar» og brevet ligg i Innboksen din. Innkallingar vil alltid visast i din «Pasientjournal», sjølv når du ikkje har gitt fullt samtykke.

Dersom du ikkje har tilgang til Helsenorge vil du motta påloggingsinformasjon i posten og kan delta via nett.​

Før møtet

Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtale med behandlar. 

  • Dersom du ikkje kan møte til timen eller tilstanden din har blitt dårlegare, er det viktig at du gir beskjed til sjukehuset. Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ein melding. Dersom det er mindre enn to virkedager igjen til timen din må du kontakte sjukehuset direkte på telefon. Telefontid er måndag til fredag klokken 0800-1530. Dersom helsetilstanden har blitt vesentleg verre, må du kontakte fastlegen eller den som har visa til time på sjukehuset. Fastlegen kan gi deg råd og oppfølging i ventetida.
  • Planlegg samtala i god tid slik at samtala i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrytingar eller forstyrringar. Sjekk at kamera og mikrofon verkar på eininga du skal bruke når du møter behandlar, ved å opne Testsamtale - delta.nhn.no​  Her kan du teste lyd og bilete, følg instruksjonane.
  • Skriv gjerne ned spørsmål og viktig informasjon på førehand, inkludert oversikt over medisinbruk.​​

NHN har ein sikker videoløysing og krev ikkje at du lastar ned noko i forkant av konsultasjonen. Den kan brukast via mobil, nettbrett og PC. Vi tilrår at du bruker følgjande nettlesarar, avhengig av kva for ei eining du skal bruke:

  • For IOS nettbrett/telefon (iPad/iPhone) bruk Safari
  • For Android nettbrett/telefon (Samsung mfl) eller PC, bruk Google Chrome 
  • Ikkje bruk nettlesaren Internet Explorer.
  • Ved deltaking via mobil bør den vere oppdatert med siste versjon av programvare. 
  • Viss du bruker PC, sørg for at den er omstarta og har kamera, mikrofon og høgtalar (viss ikkje må du kople til dette i tillegg). ​
  • Eit rom der du kan være alene, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryter, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør ha god belysning slik at behandlaren din kan sjå deg godt.

​Oppkopling til videokonsultasjonen

Det finst ulike måtar å kople seg opp til videokonsultasjon. Det er viktig at du følgjer instruksane du får frå sjukehuset. Vel den oppkoplingsmåten som gjeld for deg i samsvar med instruksane frå sjukehuset.

  • ​​Trykk på start-knappen

Grafisk brukergrensesnitt, tekst, applikasjon, e-post
 

  • Du kjem inn på ei velkomstside og går vidare til ei side kor du får informasjon om å tillate tilgang til kamera og mikrofon. Følg instruksjonane som gis på sida. 

Grafisk brukergrensesnitt, tekst, applikasjon, e-post

  • Når du går vidare kjem du til eit venterom. Når behandlar er komen vil du automatisk gå vidare, men du kan òg gå inn i møtet ved å klikke på «Start videokonsultasjon». Då vil du straks sjå behandlar.

​Sjå felles instruksjon nedanfor for korleis det fungerer inne i videorommet​​​​

Denne løysningen gjelder berre dersom 
  • ​du skal delta i ein gruppebehandling på video, eller
  • møtet har meir enn 15 deltakere, eller
  • du har mottatt innkallingsbrevet i ein annan digital eller fysisk postkasse og ikkje bruker Helsenorge.
Du må kople deg opp via informasjon som du finn i innkallingsbrevet. Det er viktig at du registrerer ditt fulle namn når du vert bedt om dette. Viss ikkje du identifiserer deg risikerer du å ikkje bli slept inn i møtet.
 
Gå til Innboksen din og opne innkallingsbrevet. 
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon

Følg instruksjonane i brevet, du skal anten:
 
1. Trykke på videolenka og identifisere deg med fullt namn eller
Grafisk brukergrensesnitt, tekst, applikasjon, e-post
2. Gå til join.nhn.no og identifisere deg med fullt namn og skriv inn oppgitt romnummer for så å trykke på videosymbolet til høgre for feltet og tast vidare inn firesifra pin-kode. 
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
Viss du ikkje har mottatt pin-kode, trykk på «Delta». Dersom du ikkje har mottatt romnummer og pin-kode, ta direkte kontakt med avdelinga som har kalt deg inn.
 
Vidare må du: 
 
  • Gi tilgang til kamera og mikrofon 
  • Vent til du ser behandlar
  • Sjå felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet​​

Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer, eller du har motteke brevet på papir, må du opne https://join.nhn.no, registrere deg og taste inn romnummer og pin-kode.​

I nokre tilfelle vert oppkoblingsinformasjon sendt via SMS eller e-post. Det finst to ulike måtar å kople seg opp på. Følg instruksane du mottar for den gjeldande videokonsultasjonen:​

1. Logg inn med BankId når du blir bedt om dette. Dersom du ikkje har BankId kan du logge på med kode via sms.

  • Gi tilgang til kamera og mikrofon
  • Følg instruksane på velkomstsida for videokonsultasjonen. 
  • Du går automatisk vidare til møterommet når behandlar er komen. Viss du ikkje går automatisk vidare, klikk på «Start Videokonsultasjon» når denne er tilgjengeleg.
  • Sjå Felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet

​2. Ved oppkopling via www.join.nhn.no, registrer ditt fulle namn for å identifisere deg.

  • Trykk på videosymbolet, tast inn mottatt romnummer og pin-kode
  • Gi tilgang til kamera og mikrofon 
  • Vent til du ser behandlar
  • Sjå Felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet​​ ​​ 

  • ​Sjekk at du ser deg sjølv og at indikator for lyden din (grøn linje) rører seg når du snakkar.
  • Viss du skal tilknytte eksternt kamera eller mikrofon, trykk på den litle pilen for å opne venstre meny og vidare på dei tre prikkane (Innstillingar) og vel aktuell lyd- og eller biletekjelde under Medieinnstillingar
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon, ikon

  • ​Opne​ menyen, via den litle pilen midt på skjermen til venstre, for å sjå deltakarar eller sende ei melding/chat dersom du har behov for det​​​.



 

Under

​Oppstår det problem undervegs i konsultasjonen finn du svar på korleis du kan løyse desse her.​


  • Alle involverte partar må presentere seg. Helsepersonell bør vere førebudd på at pasienten kan be deg om å legitimere seg. Dersom du har med nokon i konsultasjonen, er det viktig at vedkommande vert presentert og er synleg for behandleran. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller i bygninga kor du er.
  • Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtala (verken lyd eller bilete). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

PROBLEM LØYSING
Du finn ikkje ein eigna plass å sitte i fred Ring avdelinga. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Dersom du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, må behandlar vurdere om det er godt nok eller om du må få ein ny time.
Nokon kjem inn i rommet. Gi beskjed til behandlaren at du ikkje lengre er alene slik at samtala kan setjast på pause. Dersom mogleg, sørg for at du får rommet for deg sjølv igjen.
Annen uventa hending Hendingar som gjer at informasjon om pasient og pasienten sin helse kan verte fanga opp av andre, eller som gjer at samtala ikkje kan gjennomførast, vil gjere at møtet setjast på pause eller avsluttast. Dersom nødvendig går ein over til telefon for å diskutere kva som skal gjerast vidare.​
Du har ikkje fått lagt inn fullt namn ved oppkopling til videogruppebehandling ​Gå på https://join.nhn.no  i nettlesaren du skal bruke og legg inn fullt namn. Klikk så på videolenka i innkallingsbrevet, eller legg inn romnummer og pin-kode som forklart saman med lenka.
​​Helsetilstanden din har blitt verre og du er usikker på om videosamtale er riktig ​Ta kontakt med avdelinga så snart som mogleg. Sjå kontaktinformasjon i innkalling. 
​Behandlar er forsinka ​Forsinkingar kan oppstå på same måte som på vanleg poliklinikk. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med sekretariatet og gi beskjed. Sjå kontaktinformasjon i innkalling. 
Du er forsinka ​Ta kontakt med sekreteriat og gi beskjed. Sjå kontaktinformasjon i innkalling. Du kan risikere at konsultasjonen vert utsatt. 
​Du klarer ikkje å koble deg på møtet
Har du tilgang til internett? Forsøk ei kjent side
Dersom du bruker PC, forsikre deg om at den nyleg er restarta og at du ikkje bruker Internet Explorer.  Eventuelt kan du avslutte ved å klikke på det raude symbolet og opne timen via mobil eller nettbrett.
Kople deg opp ved å gå inn på https://join.nhn.no, klikk på det grøne videosymbolet og tast inn romnummeret som du finn i innkallingsbrevet. Tast pin-kode dersom dette er oppgitt, eller trykk du på «delta».
Dersom du har kopiert lenka frå innkallingsbrevet til ein nettlesar, sjå at det ikkje har dukka opp ekstra teikn eller mellomrom.
Dersom du ikkje dukkar opp i det virtuelle møterommet til avtalt tid kan det hende at behandlar ringer deg på telefonen.
​Bilete virker, men ikkje lyd 
Har du slått på lyden? Ein PC har fleire lydinnstillingar. Undersøk lydinnstillingane i høgre hjørne for å sjå at lyden er på. 
 
Gå inn på https://join.nhn.no, klikk på dei tre prikkane til høgre (innstillingar) og vel riktig eining.
 
Bruker du eksternt headsett eller høgtalar/mikrofon, sørg for at desse er slått på, og sjå om dei har mute-knapp.
Test med ei kjent lydkjelde, for eksempel musikk eller YouTube.
 
Kople frå eininga og kople til igjen.
Slå av og på PC.
 
Dersom problemet ikkje løysast kontaktar behandlaren din deg, og de vert einige om kva dykk skal gjere.

Forsinking på lyd eller bilete ​Ikkje bruk videolink via VPN. Sjekk nettdekning. Lukk ned program og anna som kan belaste nettkapasiteten.
Kjem ikkje inn på linken. Får beskjed om at side ikkje kan laste. ​Sjå informasjon om alternativ oppkopling i innkallingsbrevet – oppkopling via https://join.nhn.no
​Samatalen bryter undervegs ​Har det skjedd noko med oppsettet ditt? Kabel som har lausna? Mista internett? Sit du eventuelt i eit rom med dårleg nettilgang?
Forsøk å gå inn i møtet på same måte som sist.
Slå av og på PC, og prøv på nytt.
Ring avdelinga og forklar situasjonen.
Dersom problemet ikkje løysast kontaktar behandlaren din deg, og dykk vert einige om kva dykk skal gjere.
​Har du framleis tekniske problem med videoløysinga? ​Ta kontakt med Kundesenteret i Helse Vest IKT på telefon  55 97 65 51.

Etter

Sjølv om møtet med legen skjer på ein anna plass enn på sjukehuset, er det framleis dei same reglane for tausheitsplikt og personvern som gjeld. Under kan du gjere deg kjent med kva for nokre reglar som gjeld og få meir informasjon om betaling.

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonelloven og Pasient- og brukarrettslova sine regler om tausheitsplikt vere styrande for sjølve samtala og behandlinga av informasjon som kjem fram under samtala. Relevante og nødvendige helseopplysingar skal førast i journalen på lik linje som om samtala skulle skje andlet til andlet eller per telefon. Opplysingar om helsa din kan som hovudregel bli gitt til annan samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du motset deg dette).

Den valde videokonsultasjonsløysinga har ei kryptert linje, og samtala (inkludert lyd og bilete) vert ikkje lagra, verken på internett, eller på våre servarar.

Det er frivillig å bruke videokonsultasjon, og du treng ikkje oppgi nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjon andlet til andlet. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for ditt vidare behandlingstilbod frå instansar i helsevesenet.

Logg inn på www.helsenorge.no for å sende en melding. Er det mindre enn to verkedagar igjen til timen din, må du kontakte oss direkte på telefon, måndag til fredag mellom klokken 0800 til 1530.

Videokonsultasjonen vert dokumentert som ein vanleg konsultasjon i din journal og eigenandelen er den same som ved annan poliklinikk.

Krav om eigenandel vert sendt som faktura i etterkant av konsultasjonen. Pasientar med frikort, og barn under 16 år betaler ikkje eigenandel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år.

 

Har du tekniske problem?

Då kan du kontakte Kundesenter i Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 51

Har du tekniske problem?

Då kan du kontakte Kundesenter i Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 51
Kundesenter



Sist oppdatert 08.02.2023